Lokal | 10. mai 2012

Regn fredag - sol laurdag

... og for 17. mai er det håp om opphaldsvêr.

Regn fredag - sol laurdag
Os i dag: Fjorden ser fin og flat ut frå Mobergsneset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. mai 2012 10:19

Torsdag er det lite vind og svært tynt skydekke over Os. I 20-tida i kveld er det venta regn og det er meldt nedbør meir eller mindre samanhengande fra til fredag kveld.

Så kjem ein lettskya laurdag med 0,1 til 0,5 mm nedbør, det er Yr og Storm einige i.

Kliss våt søndag

Skal du slå plenen i helga så kan du utsetja det til søndag, for då slepp du det grunna regn. Med mindre kona di har lest dette.

Laurdagen får litt vind, 11 m/s på morgonen, 9 m/s på kvelden, men skyfri himmel og berre 5 m/s midt på dagen.

Både Yr og Storm melder regn søndag og måndag, Yr trur det kjem heile 22 mm på søndag, Storm melder berre 1,6 mm (!).

Ei tørr feiring?

Så kjem dagane fram mot 17. mai. Yr trur det vil regna heile veka og at det kjem 9 mm nedbør på grunnlovsdagen.

Storm melder delvis skya og berre 0,4 mm nedbør tysdag 15. mai, overskya, men opphaldsvêr 16. mai og 3,5 mm nedbør torsdag 17. mai.

Med Storm si tru på opphaldsvêr dagane før 17. mai, og berre 0,3 mm nedbør fredag 18. mai, er det framleis håp om ei tørr feiring torsdag.

Sjå detaljert og oppdater vêrmelding for Osøyro på Yr og Storm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.