Lokal | 20. mai 2014

Regn i vente

... men temperaturen skal halda seg høg fram til helga, og torsdag ettermiddag kan bli solrik og veldig varm.

Regn i vente
Ulvenvatnet i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 20. mai 2014 06:55

Finvêret frå 17. mai har halde seg og i dag, tysdag, ser ut til å bli den mest solrike dagen denne veka.

Onsdag skal det skya til og koma noko nedbør.

Storm melder regn frå 6 om morgonen og ut dagen, Yr melder opphaldsvêr fram til klokka 14.

Torsdag skal det regna på formiddagen, men både Storm og Yr melder opphaldsvêr og lettskya, og opptil 21 gradar på ettermiddagen.

Fredag og laurdag er det fare for regn, laurdag skal temperaturen dessutan ned i under 15 gradar.

Sjå detaljert varsel på Storm vs Yr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.