Lokal | 21. okt. 2018

Regn og stengt veg i dag - sol og minusgradar neste helg

Os kommune har stengt Ole Bulls veg. I veka som kjem bør du få vinterdekk på bilen.

Regn og stengt veg i dag - sol og minusgradar neste helg
Bommane i kvar sin ende av Søvikåsen er no nede. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. okt. 2018 09:21

Det er meldt mykje nedbør i Os i dag, søndag, og Os kommune melder at dei stengte Ole Bulls veg klokka 11 i dag.

– Det er uvisst kor lenge vegen blir stengt. Situasjonen blir vurdert fortløpande, skriv kommunen.

Både Yr og Storm melder regn til klokka 19 søndag kveld.

Storm melder regn også utover kvelden og heile måndag, mens Yr melder opphaldsvêr og sol i morgon.

Tysdag skal det regna på formiddagen, men letta på kvelden. Seinare i veka er det meldt vekslande vêr, med opphaldsvêr onsdag og regn torsdag.

Neste helg ser førebels ut til å bli solrik og kald. Natt til søndag er det meldt 1 minusgrad, og søndagen om ei veke er venta å bli skyfri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.