Lokal | 24. okt. 2014
Regn og vind gjennom heile helga
... i tillegg skal det koma kraftig vind.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. okt. 2014 15:03
Natt til fredag kom det, som meldt, mykje nedbør på Vestlandet, i Bergen kom det ifølgje BA.no 75,8 mm nedbør på eitt døgn.
Fredag starta med lett regn og fredag ettermiddag er det opphaldsvêr i Os. Men det er meir regn i vente dei neste tre dagane.
Det er meldt regn heile laurdag, med aukande mengde frå laurdag ettermiddag i 16-tida og våtaste dagar søndag og måndag.
Laurdag er det meldt frå frisk bris til stiv kuling, søndag kan vindstyrken koma opp i sterk kuling i styrke.
Vinden skal koma frå sør. Det er full flo klokka 12:18 laurdag.
Sjå detaljert og oppdatert vêrvarsel for Os på Storm vs Yr.