Rein fjellglede
I fjor på denne tida kom fotografane Lind og Lunde med praktboka «Strålande Os». No er dei klare med bok om tamrein og fjellandskapa i Valdres, Filefjell og Hemsedal.
– Det er denne typen fotografering vi liker aller best, å vera i naturen, ha god tid på oss, og samstundes få nokre krevjande, spennande og lærerike opplevingar, seier Oddmund Lunde.
Det siste året har dei nærmast budd i fjellheimen, og dei siste bilda som blei tatt til boka som no er i trykken var også dei vanskelegaste.
– Å lura seg innpå reinsdyr i brunst krev både taktikk og tolmod. Eg manglar framleis litt kjensle i avtrekkarfingeren etter den kalde jakta på gode brunstbilde.
Utvida oppdrag
Liv-Randi Lind og Oddmund Lunde har laga boka, som blir lansert 1. desember, på oppdrag for Noregs sørlegaste reinlag, Filefjell Reinlag. Reinlaget ville laga bok om eigen historie då laget i 2005 fylte 60 år, men den gong blei det ikkje bok likevel.
– Dei tok kontakt med oss i fjor og vi foreslo å utvida innhaldet til ei bok også hytteeigarar og turfolk i området kunne ha glede av, med bilde og forteljingar frå fjellheimen reinsdyra ferdast i.
Lunde har ikkje berre erfaring frå bøker som «Nordfjella» og «Bergen – midt i naturen», han har også jobba som jaktoppsyn under villreinjakt.
Endeleg i Vassfaret
Med flotte bilde av planter, landskap og dyreliv fortel boka mykje om naturen rundt dei populære hytteområda og terrenget reinen ferdast i.
– Sidan eg var 20 år har eg drøymt om å oppleva Vassfaret, der tamreinen går på vinterbeite, eit område det er skrive mange spennande forteljingar frå. Det var bjørnespor i området, men vi måtte nok i bjørneparken for å ta bilde av akkurat denne medlemmen av mangfaldet.
Vill tamrein
Lind og Lunde har følgt reindrifta frå seinsommaren i fjor og boka dekker alt frå vinterbeite i Vassfaret til drifting til Filefjell, Valdres og Hemsedal for kalving og brunst. Seinare venta slakt av knappe 2000 av 5000 dyr i Golsfjellet og drifting av «overlevande» til Vassfaret for vinterbeite igjen.
– Det er klåre skilje mellom kvar tamrein og villrein held seg og tre tilsette som gjeter dyra med bil og snøskuter.
– Sjølv om dyra blir kalla tamrein er dei som villrein når du treff på dei til fots. Derfor blei siste fotoøkt krevjande, å koma tett på i brunsten kravde både tolmod, omsyn til vindretning og litt flaks, seier Liv-Randi.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.