Reknar med oppstart i 2020
Lyseparken ventar på nyevegen. – Tilbakemeldingane frå Statens vegvesen er at vi kan sleppa til i 2020, fortel Fredrik Seliussen.
Fredag var Fredrik Seliussen, utviklingssjef for Lyseparken, i plan- og bygningsutvalet for å orientera om status. Utbygginga ventar han kan ta til i 2020.
– Vi kan forventa at vegen står ferdig i 2021. Tilbakemeldingane frå Statens vegvesen er at vi ikkje kan sleppa inn i området før i 2020.
– Framlegget til planprogram for Lyseparken er ferdig utarbeidd. Det skal handsamast i styret før det blir sendt inn til kommunen.
– Det vil koma i god tid før neste møte i utvalet, fortalte Seliussen.
Flystøy gjev moglegheiter
Avinor har nyleg presentert nytt flystøykart for bergensområdet, noko som bandlegg store områder i kommunen nord for oss.
– Det er eit nytt rammevilkår som har kome inn.
– Kartet tar store areal i Bergen kommune og legg store begrensingar. Det vil virka positivt for oss, meinte utviklingssjefen.
4000 nye arbeidsplasser
Arealet i Lyseparken vil kunne gje 250 nye verkesemder og om lag 4000 nye arbeidsplassar.
– 4000 arbeidsplassar er nok eit forsiktig anslag.
– Om vi lukkast i å etablera kompetansearbeidsplassar kan talet bli høgare.
Kortreist stein
Utviklingssjefen håper å kunna nytta mykje av steinen frå tunnellane mellom Os og Bergen til å planera ut området i Lyseparken.
– Våre prioriteringar er å få vedtatt planprogrammet, ferdigstilla ein massedeponeringsplan, utarbeida ein konseptstrategi, igangsetta arbeid med ein revidert områderegulering og marknadsføring av området.
– Spesielt massedeponeringa er viktig. Vi er i stand til å ta imot så mykje stein som vi kan få.
– Anbodsmaterialet er ferdiglaga frå Statens vegvesen. Vår plan er å presentera massedeponeringsplanen for entreprenørane som får anbodet, slik at vi kan utnytta den kortreiste steinen, forklarte Seliussen.
Må sikra fleksibilitet
Seliussen fortalte at ei av dei største utfordringane han ser for seg er å sikra fleksibilitet i høve ei stadig raskare samfunnsutvikling.
– Bankane, som er kjende for å vera forsiktige, fortel at dei no har eit evighetsperspektiv på 7 år.
– Vi må lage rammevilkår som sikrar moglegheit for fortetting i framtida.
– Vi må ikkje gjera same feilen som dei har gjort i Stavanger/Sola-området kor dei har måtte riva 10 år gamle bygg fordi dei var plassert dårleg, påpeika utviklingssjefen.