Lokal | 10. sep. 2013

Reknar slaget som tapt

Laila Reiertsen (Frp) ser ikkje ut til å få fire nye år på Stortinget.

Reknar slaget som tapt
Laila Reiertsen saman med Terje Søviknes og andre partifeller på vake i kveld. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 10. sep. 2013 00:26

Høgre har gjort eit brakval og det blir ny borgarleg regjering med Erna Solberg som statsminister.

Men Frp har gått tilbake og Hordaland Frp sin 3. kandidat, Laila Marie Reiertsen frå Os, ser ut til å mista plassen sin på Stortinget.

– Eg var ikkje inne då vi låg på 15,6 prosent og det er urealistisk at vi kjem høgt nok, seier Laila på vake på Solsiden måndag kveld.

Frp, Høgre og Venstre var representert på den opne vaken.

– Det er berre å gratulera Høgre med eit fantastisk resultat. For min del må eg vera realistisk, eg kjem nok heim igjen til Os.

Det held heller ikkje om dei som har stemt har endra rekkefølge på kandidatane.

– Då må halvparten av alle som har stemt Frp ha skrive med som førstekandidat, og det skjer ikkje.

Om ikkje mykje blir endra i innspurten må Reiertsen pakka ut av kontoret sitt og leilegheiten i Oslo innan utgangen av september.

Heime i Os har ho i utgangspunktet permisjon frå leiarstillinga ved Ravneberghaugen.

Ravneberghaugen har naturlegvis fått ny leiar medan Reiertsen har vore i politikken.

– Vi får sjå kva som skjer der. Kanskje opnar det seg noko nytt. Akkurat no blir det som å snu opp ned på mykje, eg har saker eg ville jobba vidare med på Tinget, saker eg brenn for. No kan det bli ein varaplass, men det er ikkje det same.

Frp ligg no på 16,2 prosent, ein tilbakegang på 6,7 prosent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.