Slik såg det ut på Moberg klokka 1745 fredag før pinse i 2017 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Reknar med pinse-kø på E39

Politiet ber bilistar vera førebudd på lange køar på Halhjemsvegen fredag.

Av: Andris Hamre

Sjølv om ein i år kan få ein ekstra lang pinseferie om ein tek seg fri fredag 18. mai, reknar politiet med at det også i år blir utfordringar med kø på E39 frå Halhjem opp mot Moberg.

I tillegg til hytte- og ferieutfart, skal tradisjonen tru ei rekkje handball-lag til Stord på Handballfestivalen.

– Tidlegare år har vist at det i samband med pinseutfarten blir utfordringar med kø på Halhjemsvegen. Nokre år har køen innimellom stått heilt frå Moberg til Halhjem på E39, seier politiførstebetjent Rune Fimreite ved Os og Austevoll lensmannsdistrikt.

Aukar kapasiteten på kaien

Spesielt utfordrande er køen for dei som bur på Halhjem/Bjørnen og som skal heim, samt dei som skal med ferja til Tysnes.

– For å gjere det beste ut av situasjonen er det lagt opp til at kapasiteten nede på sjølve ferjekaien på Halhjem blir best mogleg utnytta. I tillegg vil ikkje billettering til Halhjem-Sandvikvåg skje berre i bilettbodane, men også nede på kaien med auka bemanning.

– Fjord1 vil også ved behov låna eitt til to felt frå FosenNamsos for at køane utanfor ferjeleiet blir kortast mogleg, forklarar Fimreite.

Hald til høgre

Politiførstebetjenten har ei siste oppmoding til dei som skal med ferja til Sandvikvåg.

– Vi oppfordrar bilistane som står i kø og skal til Sandvikvåg om å halda seg heilt til høgre i køyrefeltet ned den siste bakken frå Halhjem kafé/Halhjem kjøkken og ned til rundkøyringa ved ferjeleiet.

Fleire saker

  • Fekk mykje å jubla over

    22. juli 2018

    Lysekloster starta svakt mot Stord, men så slo den etterkvart berømte ketsjupeffekten inn.

  • Gøymde seg på taket

    22. juli 2018

    Oppdatert: To menn i 20-åra tok seg opp på taket på Hamnechefen. Den eine prøvde å gøyma seg for politiet då dei kom. Eigaren fann narkotika.

  • Tre har mista lappen på kort tid

    22. juli 2018

    Torsdag tok politiet for tredje gang på kort tid beslag i eit førarkort ved den nye Spar-butikken på Kloppamyra.

  • Tok skilta til gjengangar

    21. juli 2018

    Politiet klipte skilta på ein bil i Hegglandsdalen laurdag då føraren fleire ganger hadde køyrd utan lov.

  • Her blir podtellet levert

    21. juli 2018

    Bildeserie: No kan du overnatte i hamna uten å bli sjøsjuk av bølgene. – Eg reknar med at vi opnar måndag, seier Hans Parnefält.

  • Villaksen har «stempla inn» i fjorden

    21. juli 2018

    Lyttebøyar i fjorden avslører smolten frå Oselvo si vandring. 

  • Tørke, mattryggleik og jordvern

    21. juli 2018

    Lesarinnlegg: Tørkekrisa viser til fulle kvifor det er viktig å verna om matjorda vår, skriv Gisle Hesjedal.

  • – Blei dårleg då eg såg det

    20. juli 2018

    Kommunen ber foreldre og "nabokjerringa" halde auge med og sjekke leikeplassen før dei sender ungane dit.