Rekord og ny siger over Bøkko
– Dette var kult, seier Sverre Lunde Pedersen til Midtsiden etter siger også på 10.000-meteren.
Osingen Sverre Lunde Pedersen (20) frå Fana idrettslag did it again! I går slo han Håvard Bøkko for første gong, i dag slo han Bøkko igjen.
– No har eg fått løn for mange år med hard trening. Eg har vore nær fleire gongar, men det var noko ekstra å gå forbi han, seier Sverre, svært nøgd etter det som blir kalla "tidenes NM", med heile åtte banerekordar på god is i Stavanger.
• I går gjekk Sverre i mål på 5000 meter på 6.20,77, som var ny banerekord. Bøkko kom på 2. plass på tida 6.21,45.
• I dag gjekk Sverre i mål på 10.000 meter på tida 13.26,30, som også var ny banerekord. Bøkko kom på 2. plass på 13.29,27.
– Eg var dessverre for svak på 500-meteren til å ha håp om gull allround, det var min andre 500 meter i sesongen og eg måtte ha slått Bøkko med 18 sekund på 10.000 meter for å vinna samanlagt.
Simen Spieler Nilsen tok 2. plassen på 500 meter, medan Sverre hamna på 3. plass.
På dagens 1.500 meter blei det 2. plass på Sverre, som gjekk i mål på 1.46,69, berre to hundredelar bak Bøkko.
Bøkko vann samanlagt, Sverre kom på 2. plass og Spieler Nilsen på 3. plass.
Sverre skal no vera heime i Os på ein liten juleferie til han i romjula reiser til Hamar for å førebu seg på EM, som går i Heerenveen i Nederland 11. til 13. januar.