Næringsliv | 10. aug. 2010

Rekord og stenging

Etter rekordbesøk i sommar held Osbadet stengt neste veke. Men ikkje for å ta ferie.

Rekord og stenging
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. aug. 2010 20:08

Juli blei ein våt månad utandørs i fjor, noko som var med på å gje Osbadet ny juli-rekord med 6.564 gjestar.

- I år har vêret vore ein del betre, likevel slo vi rekorden frå i fjor, fortel dagleg leiar Leif Gunnar Borgen.

7.003 besøkte Osbadet i juli i år.

Juni månad hadde strålande vêr i fjor, besøkstalet i Osbadet blei usle 3.711. Juni i år blei ikkje så bra utandørs, men over 1000 gjestar betre innandørs; Osbadet hadde 4776 besøkande i den første sommarmånaden i år.

Held stengt i veke 33
I neste veke held Osbadet stengt, men det er ikkje for å ta ferie etter ein travel sommar.

- Det har kome nokre utslag av rust på ein rampe i terapibassenget, og dette vil vi reparera snarast. Medan vi held stengt kjem vi også til å ta litt andre formar for vedlikhald.

Å tappa og fylla eit basseng kan gjerast fort, men for at fliser og annan byggmasse ikkje skal få for brå overgang frå stort til lite trykk bør dette helst gjerast i lågt tempo.

I tillegg skal bassenget, når det er fylt med vatn igjen, reinsast med klor i ei døgn før opning.

- Derfor held vi stengt frå og med måndag 16. august til og med sundag 22. august, fortel Borgen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.