Sport | 02. jan. 2014

Rekord på nyttårsgolf

Nyttårsturneringa på Bjørnefjorden Golfklubb med rekorddeltaking. – Heile 54 deltok. Vi måtte faktisk sette opp venteliste, fortel Eivind Hodneland.

Rekord på nyttårsgolf
54 deltakarar var med på nyttårsturneringa på Bjørnefjorden Golfklubb (Foto: Eivind Hodneland, BJGK)
Andris Hamretorsdag 02. jan. 2014 10:12

Bjørnefjorden Golfklubb har lagt bak seg eit aktivt år på dei grøne bakkane på Hauge. Året blei avslutta med den tradisjonsrike nyttårsturneringa 31. desember.

– Eg veit ikkje kor mange år vi har arrangert denne no, men så sant det har vore mogleg å spele, så har det vore turnering, fortel dagleg leiar, Eivind Hodneland.

Ikkje ein dråpe

Då turneringa skulle starta klokka 10 regna det og var såpass mørkt at det ikkje gjekk å spela.

– Vi utsatte starten ein halvtime og fekk ein fantastisk dag.

– Ikkje ein dråpe kom det frå oven medan vi spelte. Litt blaut var det sjølvsagt i bakken, men ikkje verre en ein må rekna med på denne tida av året.

9 i staden for 18

For å rekkje gjennom turneringa beslutta turneringsleiinga at ein skulle spela 9 i staden for 18 hol.

– Med heile 54 deltakarar, så blei det litt kø, men folk tok det med godt humør og koste seg.

– Vi rakk akkurat å få dei siste i mål før mørket kom sigande, fortel Hodneland.

Imponerte på par

Det blei spelt i tre klassar kor Nils Kristian Lygre vann klasse A med 26 poeng, Mette Karin Moldeklev Lunde klasse B med 23 poeng og Tobias Arntzen med 27 poeng.

– Spesielt imponerande var det av Nils Kristian Lygre som gjekk dei 9 hola på par. Det er 8 slag betre enn handikappet hans tilseier, fortel den daglege leiaren.

Også John Arntzen gjekk på par og vann best brutto score med eit lågare handikapp enn Lygre.

Tek det på sparket

Hodneland fortel om god deltaking på turneringane gjennom heile året.

– Fleire av proshopturneringane har vore fullteikna i løpet av året.

– Eg håper den gode trenden held fram også i 2014.

– Er det planlagt nokre turneringar vidare?

– Nei ikkje enno. Det tek vi litt på sparket. Om vêret held seg og banetilhøva tillet det, så blir det nok moglegheiter på kort varsel, avsluttar Eivind Hodneland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.