Lokal | 13. nov. 2020

Rekord: Sju nye smittetilfelle i dag

Dette er alderen på dei smitta.

Rekord: Sju nye smittetilfelle i dag
I Kolskogheiane blir det no testa rekordmange 100-160 per dag. Det har gitt resultat. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. nov. 2020 12:38

Sju personar har fått påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune i dag.

Då vi i midten av oktober hadde 6 smittetilfelle på 4 dagar, var det den mest travle smitteveka så langt i år.

No har vi 16 smittetilfelle på 6 dagar, frå søndag til fredag, utanom eleven frå Bergen ved Os vgs.

Dei som i dag har fått påvist covid-19 er:
Kvinne i 30-åra. Kjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
Mann i 30-åra. Kjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
Mann i 50-åra. Kjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg. Sporing av nærkontaktar pågår.
Gut i barneskulealder. Kjend smitteveg. Sporing av nærkontaktar pågår.
Jente i tenåra. Kjend smitteveg. Sporing av nærkontaktar pågår.
Jente i tenåra. Kjend smitteveg. Sporing av nærkontaktar pågår.

Elevar ved 3. trinn på Os barneskule hamna i dag i karanene. Det har dessutan kome nok eit smittetilfelle i 8. trinn ved Os ungdomsskule, som no får utvida karantene.

OPPDATERT: Ein av dei smitta er tilsett ved eit legekontor.

– Den smitta har følgd smittevernrutinane, og det er svært lite sannsynleg at pasientar eller andre tilsette kan ha blitt smitta, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Alle som har vore på legekontoret i det aktuelle tidsrommet er blitt kontakta og informert, melder kommunen.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no

* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte éin eller fleire dagar før.

14 smitta i vår:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Til no 49 smitta i haust:
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.
17. september: Mann i 20-åra, smitta i Bergen, same stad som tre andre i 20-åra, meldt 13. og 16. september.
14. oktober: Mann i 20-åra.
14. oktober: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
16. oktober: Mann i 40-åra, smitta ved arbeidsstad i utlandet.
16. oktober: Mann i 20-åra, smitta i Bergen.
16. oktober: Kvinne i 20-åra, smitta i Oslo. Kvinna er folkeregistrert i Oslo, men har vore på besøk i Bjørnafjorden.
17. oktober: Mann i 40-åra. Smitteveg foreløpig ukjent.
22. oktober: Kvinne i 20-åra, frå Os-sida av kommunen, smitta ved arbeidsplass i Bergen.
25. oktober: Kvinne i 40-åra. Ukjent smitteveg.
28. oktober: Sambuarpar i 20-åra, smitta i Bergen.
29. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen, utan nærkontaktar i Bjørnafjorden.
29. oktober: Lærar ved Søfteland barneskule. 30 elevar hamna i karantene.
31. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen.
31. oktober: Tilsett ved Lurane. 5 kollegaer og 10 bebuarar i karantene, ingen av dei med symptom.
1. november: Mann i 30-åra, smitta i Bergen.
1. november: Kvinne i 60-åra, smitta i Bergen.
2. november: Mann i 30-åra, smitta av familiemedlem.
2. november: Kvinne i 40-åra, ukjent smitteveg.
3. november: Mann i 50-åra, smitta av nærkontakt han var i karantene med.
(6. november: Kvinne i 50-åra, smitta i utlandet, var i karantene i Bjørnafjorden)
6.. november: Jente i tenåra, smitta i ein annan kommune
8. november: Tre menn i 20-åra, ikkje relatert til kvarandre, smitta i ein annan kommune
9. november: Tilsett ved Luranetunet. 16 bebuarar og 7 tilsette i karantene.
9. november: Jente i tenåra. Heile 8. trinn ved Os ungdomsskule og fleire ved Ung Arena i karantene
(11. november: Elev ved Os vgs som bur i ein annan kommune og testa seg der.)
12. november: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
12. november: Kvinne i 30 åra og to menn i 30-åra, kjent smitteveg.
13. november: Gut i 3. trinn på Os barneskule.
13. november: Kvinne i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 50-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.