Lokal | 16. des. 2016

Rekordbesøk på Lysøen

Lysøen har ikkje vore så populært på mange år. Besøkstala syner oppgang på heile 26% samanlikna med 2015.

Rekordbesøk på Lysøen
Det er mange år sidan så mange har vitja Lysøen som denne sesongen (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 16. des. 2016 11:43

I september kunne direktør i KODE, Karin Hindsbo og direktør for komponisthjemmene i KODE, Sigurd Sandmo, jubla då kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) kom med 15 millionar kroner til ny båt til Lysøen.

I dag fekk dei meir å jubla for. Aldri har så mange vitja KODE sine museum og aldri før har så mange tatt turen til Lysøen. Heile 218 399 besøkande har vore innom KODE, ei auke på 18% frå 2015. Enno større er auken på Lysøen, kor den er heile 26% (frå 6949 til 8797).

– Vi trur potensialet er enno større og har tru på ei fortsatt vekst i åra som kjem, seier Sigurd Sandmo.

Har tatt grep

Bakgrunnen for den store auken er mellomanna dei grepa KODE har tatt det siste året.

– Vi har satsa, også på Lysøen. Vi har trappa opp antal konsertar og har hatt arrangement der ute kvar helg frå 18. mai til slutten av september. Desse har vore kjempebra i år.

– Vi har i tillegg satt opp buss frå Bergen sentrum til Lysefjorden i samband med konsertane, slik at barrieren for å komma seg ut der skulle bli så låg som mogleg.

– I tillegg handlar det om korleis heile organisasjonen i KODE jobbar saman på. Vi har tatt steg mot meir effektiv marknadsføring, meir effektiv kommunikasjon og meir effektiv forvaltning av musea våre, fortel Sandmo.

Knapt skjedd så mykje nokon gang

Sandmo fortel at det i tillegg til arbeidet med ny passasjerbåt til Lysøen også er gjort ei rekke investeringar og forvaltningsmessige grep ved museet.

– Det har vel knapt skjedd så mykje nokon gang på Lysøen som det har gjort i 2016.

– No jobbar vi intenst med konkurransegrunnlaget for den nye båten. Framleis har vi ein veg å gå i høve fullfinansieringa, men det skal vi få til, avsluttar Sigurd Sandmo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.