Sport | 04. feb. 2015

Rekorddeltaking frå Os Karateklubb

I karateklubben si 32-årige historie har det aldri vore fleire born i alderen 8 til 13 på stemne enn kva Os stilte med i vestlandscupen.

Rekorddeltaking frå Os Karateklubb
Desse ungdomane frå Os Karateklubb gjorde god figur og tok fleire medaljar i Laksevåghallen i helga. (Privat bilde, foto: Frank Baggen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. feb. 2015 09:28

Os Karateklubb stilte sterkare i kadettklassen enn nokosinne då dei i helga sjølv sto som arrangør av vestlandscupen, som gjekk av stabelen i Laksevåghallen laurdag.

Stemnet hadde 110 deltakarar, 15 av dei var frå Os og fleire tok medalje.

Tuva Baggen (11 år) imponerte med eit gull og eit sølv i sin konkurransedebut. Ida Bakke Lund (14) vann sølvmedalje mens Tobias Hagen Røttingen (13) vann bronse i sine klassar.

- Dette var ein god start på året for karateklubben. Vi var arrangør av stemnet i Laksevåghallen, og rundt 50 klubbmedlemmer og deltakarar stilte opp med alt frå kakebaking til dømming, coaching og gjennomføring av arrangementet, seier Vidar Mjånes, leiar for Os Karateklubb.

Mange debutantar

Os Kobodukan Karakteklubb stilte med 15 deltakarar. Fleire møtte for første gong på stemne i klassane 8-10 år, 11 år og 12-13 år. Dei eldste og mest erfarne hjelpte til som lagleiarar denne gongen, dei skal sjølv delta i NM om to veker.

I karate konkurrerer ein i kumite (kamp) og kata (teknikk).

Gutane som stilte i kumite gutar 11 år, Benjamin Askvik Midtbø, Isak John Bruarøy Hamilton og Lars Eirik Vevatne, gjorde ein sterk innsats i ein stor klasse. Lars Eirik vann første kamp 9-0 og kom seg etterkvart til bronsefinalen, der han møtte sterk motstand. Han enda til slutt opp med ein fjerdeplass i klassen.

I kata gutar 11 år kom Henrik Heiberg-Andersen seg til bronsefinalen og fekk ein fin fjerdeplass.

Malene Askvik debuterte i jenter 12-13 mot vinnaren av klassen i sin første kamp, men kjempa godt og fekk vist at det ikkje er langt opp til dei beste. I jenter 14-15 vann som nemnt Ida Lund Bakke sølv.

Eirinn O`Fahey Voldsund debuterte i same klasse, og fekk to gode kampar i sitt første stemne.

Imponerande teknikkar frå dei yngste

Karate er ein tøff idrett. For å gjera overgangen til konkurranse så god som mogleg for dei minste går dei kampar utan fysisk kontakt og utan rangering. På vestlandscupen viste dei yngste at det kryr av talent i karateklubben.

Heidi Rebekka Bruarøy Hamilton og Carmen Liliana Langbakk Bruarøy fighta svært godt i klassen jenter 8-10 år. Gutane Eivind Vevatne og Even Moberg Hatlestad viste seg fram i både kamp og kata med flott teknikk og god innsats i den yngste guteklassen.

NM i Oshallen?

- Allereie om to veker er det NM i karate i Trondheim. Dei store måla er europameisterskapen i karategreina Wado Ryu i oktober, og lag-NM i november.

– Vi har søkt om å få arrangera NM for lag for aller første gong, og truleg blir det NM i karate Oshallen til hausten, seier Mjånes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.