Sport | 15. aug. 2013

Rekordfangst av Kloven

Tok stor laks i Oselvo: Det er ikkje berre mellom målstengene på Kuventræ at Anders Kloven fangar "alt".

Anders Kloven fekk to fine laksar i Oselvo i førre veke, den eine på 8,8 kilo, som er den tredje største som er tatt i elva i år. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. aug. 2013 09:05

Anders Kloven berga eitt poeng til Os då han sto meisterleg i heimekampen mot Vaulen søndag.

– Kloven har vore veldig god i heile år, endå betre enn i fjor. Vi kan takka han for at det blei poeng i dag, sa trenar Tore Nielsen etter kampen.

Men Kloven har også talent for annan type fangst. Fire dagar før Vaulen-kampen tok han ein laks på 8,8 kilo i Oselvo, den nest største som er tatt i år.

Inspirert av nesten-fangst kvelden før

Laksen blei tatt om morgonen onsdag 7. august, i Kremretten på floge.

– Det blei ein kamp på 10-15 minutt, og litt styr med å få han på land, for eg hadde ein litt liten håv, fortel Anders.

Årsaka til at han tok seg ein runde med fiske før jobb denne morgonen er tung inspirasjon frå kvelden før.

– Då fekk eg ein laks på 5,2 kilo, i tillegg hadde eg ein på minst 10 kilo på kroken, som sleit seg laus då eg prøvde å stoppa han frå å stikka.

– Same kurs som dei held i dag

Kloven fortel at han fekk interesse for laksefiske då han som ungdom deltok på eit kurs i regi av Os jakt- og fiskelag.

– Dei hadde ein dag for ungdom, tilsvarande den dei har i kveld, faktisk.

Frå 18 til 20 i dag kan ungdom opp til 16 år fiska med Os jakt- og fiskelag i Oselvo. Dei må ha med eige utstyr og flyteplagg, men får fiske og opplæring gratis.

Personleg rekord

Seinare har det blitt fleire fisketurar på Kloven, både til Lærdal, Orkla og lengre nordover.

– I starten fekk eg berre sjøaure i Oselvo, den første laksen fekk eg først i fjor.

– Laksen eg tok i førre veke, på 8,8 kilo, var ny rekord. Den gamle var ein på 8,7 kilo som eg tok i Orkla.

Kven har tatt den største?

Ein større laks som er tatt i Oselvo i år er, ifølgje prohd.no (som har bilde av fisken), på 9,2 kilo.

Laksen blei fiska av Lars Olve Haukeland i Kremretten 18. juli i år.

I tillegg skal det, ifølgje fangstrapporten frå grunneigarane, ha vore tatt ein laks i veke 29 på heile 10,4 kilo.

Midtsiden kjenner ikkje til kven som har fiska denne, men om du veit kven fiskaren er, ta gjerne kontakt på kjetil@midtsiden.no eller 90789270.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.