Programmet på Kyrkjeflaten blei forseinka laurdag, då det fylte seg opp med folk som hindra bakerste del av toget å koma seg inn på Kyrkjeflaten.
– Eg kan ikkje hugsa å ha sett så mange samla her på Kyrkjeflaten på 17. mai, sa kultursjef Lisbeth Axelsen, som styrte programmet ein tettpakka og underhaldande time.
Frå 7. klassingane si flott framførte tale og 1. klassingane sine songar til Mari Lyssand sin tale om Ossoga dei siste 200 åra, oppvising av CheeriOs og song ved blant andre Gina Aspenes og Hans-Marius Johnsen.
Nokre litt dramatiske minutt blei det òg, då ei seks år gamal jente blei etterlyst frå scenen, men ho kom raskt tilbake til mora.
Gina Aspenes skapte ekstra stemning då ho ba publikum vifta med flagga sine. Akkompagnert av strålande sol og Gina sin versjon av «A Patch of Blue Sky» blei det nokre ekstra stemningsfulle minutt.
Sjå heile talen til Mari Lyssand.
Sjå bildeserie frå toget.