Eirik Søfteland, Øystein Skorpen og William Lindborg klare for å stenga Øyro for å rigga scene. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Rekordgodt førehandssal til torgfesten

– No gler vi oss over at vêrmeldingane ser litt betre ut, seier Eirik og William før Elg-konserten laurdag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I morgon blir det arrangert torgfest i Os sentrum for tredje år på rad.

Sjå bildeserie og video frå torgfesten i 2018

På plakaten står Øivind «Elg» Elgnes, Haavard Skaatun, Bighorn Butterboys, Sleepwalkers og vertsskapen, Undercover.

OPPDATERT: Mats Cato Moldskred, som debuterte med singelslepp i dag, skal òg få ein gjestetur på scenen.

– Skal du og Elg synga saman?

– Ja. Men du får ikkje veta kva låtar, det får bli ei overrasking, seier Eirik.

Konsertane startar klokka 18, og Elgnes er tredjemann på scenen. Han kjem opp igjen og syng med Eirik og resten av Undercover når dei avsluttar kvelden.

• Les òg: Eirik tar med «Elg» på årets torgfest

Godt billettsal - halvgode vêrmeldingar

I fjor var det over 20 gradar og sol under torgfesten. Til laurdag var det meldt regn, men det er no meldt opphaldsvêr, men berre 9 gradar.

– Vi riggar fleire sitjeplassar enn i fjor, og har telt klare om det kjem regn. Det blir ikkje det same vêret som i 2018, men boblejakke og solbriller får bli festantrekket i morgon, seier Eirik.

I fjor var det selt 220 billettar før konsertane starta, dei fleste tidlegare same dag. I tillegg kom det nesten 400 og kjøpte billett i døra, så totalen kom opp i 616.

– Til 17. mai i fjor hadde vi selt 25, på same dato i år var vi oppe i 100. Vi håper interessa held seg oppe, at folk er klare for minifestival i sentrum sjølv om det ikkje er så varmt ute.

Stenger Øyro for gjennomkøyring

I skrivande stund står Eirik Søfteland, Øystein Skorpen og William Lindborg og ventar på scenen.

– Vi har bestilt scene og lyd frå Bergen, så det blir litt mindre å organisera i år.

Delar av sentrum blir stengt av fredag.

Fleire saker