Sport | 29. mars 2010

Rekordjakt i Os

I fjor blei det felt 153 hjort i Os, nesten dobbelt så mange som i 2005.

Rekordjakt i Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. mars 2010 09:32

Dei siste åra har talet på felte hjort auka, både på landsbasis og i Os. I alt 37.700 hjortar blei felt i løpet av jakta hausten 2009 og vinteren 2010, ei auke på 2.000 dyr frå året før. For andre år på rad er hjortejakta større enn elgjakta, melder ssb.no.

I Os blei det felt 153 hjort i 2009, 80 hanndyr og 73 hodyr. Av desse var det 37 kalvar (18+19 hann+ho), 32 1,5-åringar (14+18) og 84 eldre (48+36).

Kommunar som hadde sett bort administrasjonen av jakta til andre kommunar, slik Os gjorde, kom i 2008 ikkje med i statistikken. Men landbrukskontoret i Fusa, som også har ansvar for Os, har tala for 2008.

- Det blei felt 109 jort i Os i 2008, opplyser landbrukssjef Helene Dahl.

Full 2008-oversikt over kjønn, alder og hjortevald finn du her.

Tøff start på 2010
2010 starta med mykje snø, noko som kan ha gjort det vanskeleg for hjorten.

- Vi har fått inn nokre meldingar om funn av død hjort, men det er ikkje sikkert at det blei så tung vinter for hjorten. I starten var nemleg snøen ganske laus, så dei kan ha klart å gravd fram mat. Det har dessutan vore tørt og lite vind, det er helst i siste del av vinteren då snøen var tung og våt at hjorten har hatt skikkeleg vanskelege forhold, seier Dahl.

Her er fellingsstatistikk for Os dei siste åra (tillat felte dyr i parantes):
2009: 153
2008: 109
2007: 94 (113)
2006: 98 (123)
2005: 85 (116)
2004: 84 (118)
2003: 87 (117)
2002: 98 (139)
2001: 97 (148)
2000: 93 (127)
1999: 94 (116)
1998: 76 (117)
1997: 62 (117)
1996: 72 (112)
1995: 66 (111)
1994: 75 (102)
1993: 63 (96)
1992: 54 (90)
1991: 43 (90)
1990: 45 (88)
1989: 40 (88)
1988: 38 (87)
1987: 36 (81)
1986: 43 (81)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.