Næringsliv | 28. aug. 2012

Rekordsal på Halhjem

Dei dyraste gjekk først: På 1,5 veke har Os Bygg og Eigedom sett prisrekord - to gongar!

Rekordsal på Halhjem
Utsikt frå tomt 56, den dyraste OBE nokosinne har selt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 28. aug. 2012 11:44

– I 2006 selte vi ei bustadtomt i Sollia for rett over 1,4 millionar kroner. Eg syntes det var mykje den gong, men i går, 6 år seinare, selte vi den dyraste tomta vi nokosinne har selt, ei tomt til 2.150.000 kroner, fortel administrerande direktør i Os Bygg og Eigedom, Ottar Randa.

For knappe to veker sidan selte Randa tomt 55 i Halhjemsmarka III for 2,1 millionar kroner, i går selte han tomt 56 for 50.000 meir.

– Eit ungt par med adresse i Os kjøpte tomt 55, ein familiefar frå Hjellestad, som i lang tid har sett etter ei fin tomt, bestemte seg i går for tomt 56.

Treff godt

– Han sa dette var det finaste han hadde funne. Mannen, som delvis er i bransjen frå før, sa dessutan at han sjeldan hadde sett eit område så godt tilrettelagt før salsstart.

– Det er kjekt med slike tilbakemeldingar og kjekt å sjå at vi treff fint med prisinga av tomtene, seier Randa.

Fleire framme på knausen

Til no er det selt til saman 4 (av 28) einebustadtomter og alle dei 3 tomtene for tomannsbustad i H3 del 2 har gått unna etter salsstart før sommarferien.

– Denne gong er det privatpersonar, ikkje utbyggarar, som har kjøpt tomannsbustadar. Fleire søskenpar er blant kjøparane.

– Den eine tomta for tett-låg-utbygging er framleis ledig.

Blant dei ledige einebustadtomtene er det fleire for dei som vil fram på knausen med ekstra god utsikt mot fjorden.

– Saman med tomt 55 og 56 ligg tomt 54, som også ligg heilt framme. Nede til venstre ligg tomt 60 og 61 med berre skog og svaberg mellom seg og sjøen.

Har starta på siste del

Arbeidet med tilrettelegging av tredje og siste del av Halhjemsmarka III er starta.

– Dette arbeidet skal, om vinteren ikkje blir for hard, vera ferdig asfaltert fredag 22. april neste år for salstart rett over påske 2013, fortel Ottar Randa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.