Kultur | 24. feb. 2018

Rekordtrylling

Kjem med to verdsrekordar i lomma til trylleshow i Oseana.

Rekordtrylling
Illusjonisten Rokas Bernatonis har to World of Guinness rekordar og kjem til Oseana etter vinterferien (pressefoto)
Andris Hamrelørdag 24. feb. 2018 06:25

Illusjonisten Rokas Bernatonis har to World of Guinness rekordar, har opptredd på det legendariske Penn&Teller «Fool Us» TV Show i Las Vegas, er omtala som «simply incredible» og skal no skapa trylleri og magi i Oseanasalen helga etter vinterferien.

– Dette blir eit fullspekka trylleshow, og ulikt noko anna du har sett i Oseana tidlegare!, seier arrangementsjef Berit Steen. Vi har hatt trylling før, men på langt nær på eit nivå som dette.

Vaksande stjerne

Rokas er ein av dei mest profesjonelle illusjonistane frå Baltikum. Han starta i Litauen kor han er i frå for ti år sidan, og har sidan tatt trylleverda med storm. Han har to Guinness rekordar frå 2014 og 2016, har stått på store internasjonale scenar, og fått dei beste omtalar av andre store illusjonistar.

– Magic Magazine har omtala Rokas som ei av Europas raskast vaksande magistjerner, og vi er stolte over at han vel å koma til Oseana etter å ha reist verda rundt med showet sitt, smiler Steen.

Under showet vil publikum kunna sjå nærbilete av det som skjer på scena på storskjerm. Dei som ønsker det, kan tinga bord og bobler like ved scena, og Oseana Kafé og Restaurant vil ha eigen «Magic Menu» denne kvelden.

– Rokas leverer showa sine med både humor og sjarm, og dette kan fort bli ei heilaftan for familien, vennegjengen, eller til dømes far og son som vil gjere noko saman, avsluttar Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.