Rektor som harepus
VIDEO: Os Musikkforening og Os Kulturskule inviterte store og små til varmande familiekonsert i Oseana 1. mai.
I styrtande regnvèr var det mange som hadde tatt turen til Oseana 1. mai for å få med seg familiekonserten til Os Musikkforening og Os Kulturskule.
Barnesongar og eventyr
Os Kulturskule Kor 1 (1. - 3. klasse) og Kor 2 (4-6. klasse) saman med janitsjarkorpset til Musikkforeningen tok publikum med på ei musikalsk reise med kjente og kjære barnesongar.
Her var alt frå Flåklypa-medley til Jungelvisa og Trollmors vuggesang. Den kjende, lokale komponisten Henrik Lyssand var også representert med songen Tripp trapp trappestein.
Rektor kledde Harpus
Då Hakkebakkeskogen sin Pepperkakebakesong stod for tur fekk dei sjå Kulturskulen sin eigen rektor Christian Breistein som Bakermester Harepus. Ei rolle som kledde han godt.
– Det er mykje ein rektor skal gjera, lo Christian Breistein då han fortalde Midtsiden om arrangementet i forkant.
Musikalsk eventyr
Konfransier og historieforteljar Mari Lyssand bandt det heile saman, og gav publikum blant anna ei lita innføring i dei forskjellige instrumenta til korpset.
Då Mari til slutt fortalde eventyret om Peter og ulven der instrumenta gav liv til dei forskjellige karakterane, fulgte alle spent med. Melodien til ulven var nok ekstra skummel, men det heile gjekk jo bra til slutt.