Sport | 23. juli 2019

Representerer Noreg i futsal-EM for studentar

Guro Drange Veglo i Portugal med NTNU.

Representerer Noreg i futsal-EM for studentar
Guro (t.h.) frå Os speler for NTNU i Portugal. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. juli 2019 12:00

Bildeserie:

NTNU representerer Noreg i futsal-EM for studentar.
NTNU representerer Noreg i futsal-EM for studentar.
1 av 1
NTNU representerer Noreg i futsal-EM for studentar.

Mens fire studentar frå Os deltar i fotball-EM for studentar i Spania, med keeper frå Fusa, er Guro Drange Veglo (21) frå Os i futsal-EM i Portugal med NTNU.

Guro er storesøster til Os-spelar Vilde Drange Veglo, og var sjølv både på kretslaget og kaptein på det sterke jentelaget Os hadde for 98-årgangen. Laget vann 1. divisjon som 14-åringar, tok sølv og bronse i Sogndal og Lerøy Cup og kom til kvartfinale i A-sluttspelet i Norway Cup.

• Les òg: Spissa formen i Barcelona

I junioralder gjekk Guro til Fana, etter eit år i militæret starta ho i fjor studie i kybernetikk og robotikk ved NTNU i Trondheim.

– Det blir ikkje så mykje tid til fotball, men eg deltar på trening og speler serie i futsal i staden, fortel Guro på telefon frå Portugal.

NTNU kvalifiserte seg til EM ved å vinna Bergen Challange, som blir settpå som uoffisielt NM for studentlag.

– Vi slo Frankrike, men tapte kampen om kvartfinaleplass for Tyskland.

– Men vi har fleire kampar igjen, no speler vi om å få best mogleg plassering av dei 11 laga i klassen, sa Guro før NTNU i går slo eit portugisisk universitet 9-8.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.