Lokal | 05. nov. 2009

Reseptfri frå i dag

Har du symptom på svineinfluensa? Tamiflu kan gjera deg raskare frisk, og frå i dag kan du kjøpa den utan resept.

Reseptfri frå i dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. nov. 2009 08:36


Som tiltak for å letta presset på helsevesenet blir det frå torsdag 4. november mogleg å kjøpa svineinfluensamedisinen Tamiflu utan resept.

- Tamiflu gjer symptoma svakare, og du vil føla deg frisk tidlegare. Men du skal framleis halda deg heime ei veke etter at sjukdomen har brote ut, seier smittevernlege i Os kommune, Jan Rune Stangeland.

- Til no har denne berre blitt selt til personar med resept. Men det har vore svært avgrensa kven som har fått testa seg for å få sikker stadfesting av svineinfluensa. Kva skulle til for å få resept?

- Ut frå samtalar med pasienten kan legen seia om sjansane er store for om det er svineinfluensa vedkomande har, seier Stangeland.

Frå i dag av treng du uansett ikkje resept, men for å få kjøpa Tamiflu på apoteket må du fylla ut eit skjema.

Samstundes vil ikkje apoteka at sjuke sjølv går for å handla, så det beste er å senda nokon, og dei kan gjerne ha mobiltelefon med seg, for å få svara til den sjuke per telefon.

Skjemaet kan du også lasta ned her (link til skjema på pandemi.no)

Vil du bruka Tamiflu er det lurt å starta så tidleg som mogleg etter at sjukdomen har brote ut, og seinast innan 48 timar.

Tamiflu kan gje følgjande biverknadar:
Kvalme, oppkast, diaré, magesmerter og hodepine. Desse kjem vanlegvis etter første dose, og gjer seg seinare i den fem dagar lange perioden du skal ta medisinen.

Du skal ikkje bruka Tamiflu dersom du er allergisk (overfølsom) overfor oseltamivir eller eit av dei andre innhaldsstoffene i Tamiflu.

Ver varsam med bruk av Tamiflu ved nedsatt nyrefunksjon eller dersom du brukar enkelte andre medikament samstundes.

Redusert pris
Tamiflu kosta rundt 240 kroner då den var på resept. Prisen skal no vera redusert til 50 kroner pluss 20 kroner for rekvirering på apotek, altså 70 kroner per pakke.

Les meir om Tamiflu på pandemi.no

Os kommune ventar inn fleire dosar med vaksine denne veka.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.