Sport | 26. okt. 2009

Rett av vegen

Motocrossbanen i Kolskogen har vist seg å vera eigna også for dei utan motor. No blir det ritt.

Rett av vegen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. okt. 2009 08:47

Bildeserie:

1 av 5

For to veker sidan arrangerte Cycleklubben Henie rundbaneritt i Os, saman med Fløyen MTB og Åsane Sykkel.

- På denne tida av året er det mange som byter ut racarsykkelen med 26". Dette er same type sykkel som folk syklar for eksempel Birkebeinerrittet på, seier Leif Klakegg frå CK Henie.

Alle fekk sjå
Men når det gjeld ritt er det førebels ikkje mange banar på Vestlandet for MTB (Mountainbike).

- Vi var heldige og fekk låna banen til Os Mc & Mx klubb, og det var svært vellukka.

- Det som var spesielt var at vi kunne sjå ryttarane 90 prosent av tida dei var på banen, banen i Kolskogen er svært publikumsvenleg.

Nytt ritt
Venleg er også mx-klubben, sykkelklubben har fått lov til å låna banen fleire gongar, og sundag 1. november er det tid for nytt ritt.

- Vi har sendt ut invitasjon til alle sykkelklubbane i Bergen, og har plass til 40 deltakarar, seier Klakegg.

Det er laga ei kort løype for rekrutt, 8 til 12 år, og ei lengre for dei mellom 13 og 100. 13-15 år kjører 6 rundar, dei frå 16 år og opp kjører 8 rundar og elitesyklistar får 10 rundar å konkurrera i.

Her kan du sjå løypekart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.