Lokal | 19. juli 2013

– Rett mann for rett trasé

Glenn Erik Haugland håper Terje Breivik kan bli brumotstandarane si røyst i ny regjering.

– Rett mann for rett trasé
Glenn Erik Haugland og Terje Breivik på stand for Os Venstre under marknadsdagane på Os. (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. juli 2013 10:32

Den siste helga i juni, under marknadsdagane på Os, var nestleiar i Venstre Terje Breivik med lokalpartiet på stand.

Breivik er også Hordaland Venstre sin førstekandidat til Stortinget.

– Eg er ekstremt opptatt av å læra fylket å kjenna og dette var eit flott høve å få treffa osingane, seier Breivik.

– Og det var fantastisk kjekt å vera på Os, med flott vêr, livlege dagar og mange fine samtalar. Det blei som ein mjuk start på valkampen, med litt diskusjon om næringslivspolitikk og litt prat med osingar som framleis ikkje har bestemt seg for kva dei vil stemma til hausten.

HordFast høgt prioritert

Medan leiar for Os Venstre, Glenn Erik Haugland, er ivrig brumotstandar og jobbar for at indre trasé skal bli valt for ny E39 mellom Stord og Bergen, stemte Hordaland Venstre i vinter for midtre trasé, altså bru over Bjørnafjorden.

– Det eg er mest opptatt av er at HordFast kjem i gang snarast, at vi får HordFast inn i Nasjonal Transportplan for inneverande periode. Vi kan ikkje risikera å venta nye 10 år før det skjer noko i denne saka.

– Førebels vil eg ha meir informasjon før eg tar standpunkt til trasé. Men hadde eg vore på årsmøtet der det i vinter blei stemt over traséval, så ville eg nok då ha stemt på indre trasé.

– Kvifor?

– Eg trur det gjev størst samfunnsgevinst, blant anna fordi det gjev indre delar av Hordaland vilkår for vekst, og ut frå det vi veit ser dette alternativet ut til å kunna realiserast raskast.

Venstre sentralt har førebels ikkje tatt standpunkt til trasé. Og Breivik vil ha meir informasjon før han sjølv vil gje si stemme.

– Kan bli ein nøkkelperson

Glenn Erik Haugland håper Breivik vil gå for indre trasé, og trur førstekandidaten frå Hordaland kan bli ein nøkkelperson i ei ny, borgarleg regjering etter valet.

– Frp og Høgre opplever eg som låst, Krf er leia av Hareide frå Bømlo, som eg reknar med vil same veg som stordingane – det er Breivik som blir vår mann i kampen mot rasering av Bjørnafjorden og skjergarden i Os, seier Haugland.

– Og eg trur Breivik kan bli ein nøkkelperson. Eg opplever han som ein god strateg, ein som får folk til å lytta og ein mann som er flink å sjå heilheita.

– Vi i Os Venstre synest det var veldig kjekt å ha Breivik på besøk. Noko av det kjekkaste som finnest er å stå på stand, så vi hadde ei fin stund i lag på Osøyro.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.