Lokal | 19. aug. 2013
Rett over grensa
Hatvikvegen søndag: Var 2 km/t ifrå å behalda førarkortet.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 19. aug. 2013 08:47
Etter å ha gjort mange bilførarar til fotgjengarar i Hegglandsdalen og på Hatvik i vår, såg det i sommar ut til at fokuset på desse vegane har ført til finare kjøring.
Men søndag var UP på Hatvikvegen med laseren igjen, og der målte dei ein som akkurat kjørte fort nok til å mista førarkortet.
I 16.30-tida målte dei ein bilist i 77 km/t i 50-sona.
Om vedkomande hadde kjørt 2 km/t saktare hadde han sluppe unna med 6500 i forelegg, men no blei det førarkortbeslag og truleg ei minst like stor økonomisk straff.