Kultur | 29. apr. 2010

Rettar seg mot fjøra

Med ny natursteinsmur og solplatting byrjar Oseana å sjå fram mot sommar.

Rettar seg mot fjøra
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. apr. 2010 07:56

Bildeserie:

1 av 4

Før helga sto ein ny natursteinsmur mellom fjøra og stupebrettet i Mobergsvikjo ferdig.

Dette er ein del av tomta der det har vore mykje graving i høve varmegjenvinningsanlegget til Oseana, men muren som har kome er meir enn eit stykke ryddearbeid.

Solplatting
Stykket mellom fjøra og stupebrettet var tidlegare ganske uframkommeleg, med bratt steinrøys og mykje vegetasjon. No har det blitt lettare å ta seg frå vassing og leiting etter krabbe til stupebrettet.

- Eg var utom og såg på plassen i går. Dette kjem til å bli ein fin stad for solhungrige osingar og tilreisande, seier ordførar Terje Søviknes.

Den store plenen som ungdom og andre som ikkje ville ligga i fjøra mellom småbarnsfamiliar og eingongsgrillar tidlegare brukte, kan delvis bli erstatta av den nye plattingen.

Intervju neste veke
Status for Oseana blei lagt fram for formannskapet tysdag.

- Det var ikkje noko spesielt å melda. Styret er framleis i ein spennande tilsetjingsprosess. Det nærmar seg avgjerd og i neste veke blir det fleire intervju med potensielle Oseana-direktørar, fortel Søviknes.

På tomta helt arbeidet med utearelet fram, no for tida med horisontalskjering av svaberga. Knausane blir slipte ned slik at dei får ei glatt og fin flate, tilsvarande fjellveggen ved Solstrand Hotel & Bad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.