Kultur | 22. mai 2015

RHORM rockar Os i helga

Var du på dei smått legendariske RHORM-konsertane i Os i 2011? I helga får du sjansen igjen, denne gong med fleire osingar på scenen.

RHORM rockar Os i helga
Asle Bentzen i RHORM, her på Garage i 2013, tar med seg naboen på scenen i Os i morgon. (Foto: Stig Pallesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. mai 2015 17:06

Fekk du med deg RHORM-konsertane på Bar2Be i 2011? I morgon er bandet tilbake – denne gong til den nye utestaden XS Lounge, som blant anna har ny scene.

Då kjem dei fem herrane tilbake til Os etter fire lange år utan speling i bygda. Formelen er den same: lave skuldrer, melodiøs rock og godt humør.

– Vi speler sjølvsagt alle våre eigne låtar som folk har høyrd på radio, men har òg nokre internasjonale superhits frå andre artistar å by på, seier Roy Hilmar Svendsen frå RHORM.

Saman med osingen Asle Bentzen speler han gitar i bandet, som også består av Anders Dale (bass), Lars Helge Glomnes (trommer) og Jan-Inge Ebbesvik (vokal).

– Det er kult at Os har fått ein ny stad som prioriterer levande musikk. Eg ser fram til å spela på XS Lounge saman med gjengen, seier gitarist Asle Bentzen.

Tar med Skoglund frå Cherry Poppers

Gutane har også ein overrasking til publikum laurdag. Dei skal ha med seg osingen Tor Espen Skoglund, kjent som vokalist i tributebandet Red Hot Cherry Poppers.

– Ingen kan spela Red Hot Chili Peppers som Tor Espen. Rykta fortalde oss at det er lite aktivitet for cherrypopparane for tida. Då er det berre kjekt å få Tor Espen til å spela rock med oss, seier Bentzen.

Gamle naboar

Skoglund og Bentzen vaks opp som naboar i Midtskogvegen på 1980-tallet. Sistnemnde seier det har eit historisk sus over seg når dei skal på scenen saman.

– Eg var alltid misunnelig på Tor Espen og gjengen hans, som hadde velfungerande band allereie på 1990-talet. Derfor er det eit plaster på såret for meg å endeleg få innpass, seier Bentzen.

RHORM innleier helgas rockefest med å varma opp for progrockarane i D’Accord på Garage fredag kveld. Laurdag i 22-tida går dei på scenen på XS Lounge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.