Lokal | 19. apr. 2010

Ribba BMW

Natt til laurdag blei ein bil loppa for både framsete og baksete.

Ribba BMW
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. apr. 2010 08:39

Ein bil som står parkert utanfor bilverkstaden Thuen & Matre blei i helga ribba for sete.

- Fredag hadde vi tilsette som jobba overtid ganske seint, så det må ha skjedd om natta eller tidleg om morgonen, fortel mekanikaren som laurdag oppdaga tjuveriet.

Tjuven tok seg inn i bilen ved å knusa ei siderute. Både baksete og begge framseta er fjerna.

- Dette er kjedeleg, både for oss og kunden. Utruleg synd at ikkje ting får stå i fred. Heilt nye bilar er det svært sjeldan dei prøver seg på, litt eldre er dessverre veldig utsett.

- Her var det tydelegvis nokon som var på jakt etter nokre fine skinnsete, men ikkje ville betala for dei, seier innehavar av verkstaden, Jarle Matre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.