Kultur | 29. mai 2010

Richard med X-Factor

Richard Myhre Gåssand er ein av fleire osingar som er med i årets X-Factor på TV2.

Richard med X-Factor
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. mai 2010 09:00

Du har kanskje sett at det er noko kjent med han som seier «kan eg, så kan du» på TV-reklamen for X-Factor-audition i Bergen?

- Eg blei kontakta i april ut frå det eg hadde sendt inn av filmsnuttar då eg meldte meg på. I slutten av april blei reklamesnutten spelt inn, fortel Richard.

Vi har sett Myhre Gåssand på scenen på 17. mai i fjor, og i Oshallen med bandet Blackend då Askil Holm med fleire spelte MOT-konsert i april i år.

Gjekk vidare frå pre-cast
Men det er ikkje berre i reklamesnutten at Richard framstår som deltakar, i går var han på pre-cast.

- Eg song Nickelback-låta How You Remind Me, og gjekk vidare til hovusaudition. No ventar eg på svar på om det blir sundag eller måndag, fortel Richard.

Sundag skal han synga i Fjellheim på Join Us sitt vårshow, så han håper det blir måndag.

Fleire osingar med X-Factor?
Richard fortel at han møtte 3-4 andre osingar på pre-cast.

Midtsiden.no ønskjer å koma i kontakt med desse.
Er du, eller kjenner du, ein eller fleire av dei?
Kontakt oss på mobil 90789270 eller kjetil@midtsiden.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.