Kultur | 26. sep. 2012

Riggar scene for Susanne

Oseana fortel om godt billettsal til kveldens konsert med Susanne Sundfør.

Riggar scene for Susanne
Andreas Lekven frå Lyd og Lysproduksjoner held saman med Espen Hjertaas frå Oseana i dag på med å rigga scene til Susanne Sundfør. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. sep. 2012 14:05

Onsdag kveld går Susanne Sundfør på scenen i Oseana. Kulturhuset har eit tettpakka haustprogram, ikkje minst for oktober, med oktoberfest, Anja Elena, Vidar Johnsen og Hellbillies på programmet.

Likevel er det godt billettsal til kveldens midtveke-konsert.

– Vi har passert 330 selte billettar og det kjem nok nokre og kjøper i døra i dag òg, seier Janne Mari Hjelle.

– Smikkfullt blir det nok ikkje, men vi er nøgd og det blir mange nok til at det skal bli god nok stemning for både publikum og Susanne med band.

Sundfør, som er frå Haugesund, fekk spellemannsprisen for debutalbumet hennar i 2007. Seinare har det blitt fleire prisar og gode kritikkar. Hennar ferskaste album er The Silicone Veil, som kom ut i år.

Onsdag kveld er det også konsert med Marius Neset, Daniel Herskedal og Lysekoret. Den går i Os kyrkje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.