Riksteatret: SULT

Av Knut Hamsun

Foto: Øyvind Eide
SULT av Knut Hamsun Få bøker har betydd så mykje for så mange som Sult. No blir Hamsun sin klassikar teater! Historia om den unge, fattige og svoltne forfattaren i Kristiania – «denne forunderlige by som ingen forlater før han har fått merker av den» - fascinerer stadig nye lesarar, 130 år etter at romanen kom ut for første gong.
Anders T. Andersen er regissør for Riksteatrets teaterversjon av «Sult». Han kjem rett frå arbeidet med Bowie-musikalen Lazarus på Det Norske Teatret. Også denne gongen lagar han ei framsyning med mykje bruk av bilete, video og musikk – med mellom andre skodespelar Preben Hodneland og musikar Tuva Syvertsen frå Valkyrien på scenen.
Sult kom ut første gong i 1890. Det skulle bli Knut Hamsuns gjennombrotsroman og eit verk som samtidig innebar noko nytt i norsk litteratur. Hamsun skildrar både fysisk svolt og psykisk pine hos den namnlause hovudpersonen på ein måte som gjer at lesaren vanskeleg gløymer han. Sult er ein klassikar i litteraturhistoria som har bevart fascinasjonskrafta også i dag.
"Sult er ei bok som eg kjem tilbake til, igjen og igjen. Denne ubøyelege, nådelause, perverse, komiske og usamanhengande undersøkinga av tilstanden til ein ensleg karakter er så radikal at ho framleis tar pusten frå meg." Forfattar Siri Hustvedt
-Kven har ikkje hatt kjensla av å ikkje høyre heilt til, eller vere oversett av andre? Med Sult har eg lyst til å vise at det er menneskeleg å føle seg utanfor, seier Anders T. Andersen. Han står også bak ei rekke vellykka dramatiseringar av romanar for teater som Roy Jacobsens De usynlige, Karl Ove Knausgårds Om våren og Geir Gulliksens Historie om et ekteskap. Andersen stod også bak filmatiseringa av Berlinerpoplene for NRK og er aktuell med spelefilmen Fuglane basert på Tarjei Vesaas’ roman hausten 2019
 
 
På scenen
Preben Hodneland, Julia Bache-Wiig, Sverre Bentzen, Torstein Bjørklund og Petter Vermeli
Team
Regissør: Anders T. Andersen, Scenograf: Dagny Drage Kleiva, Kostymedesignar: Mette Welle Jacobsen, Lysdesignar: Øystein Heitmann, Lyddesignar: Erik Hedin, Videodesignar: Kenneth Karlstad og Produsent: Emnet Kebreab
Forestillingslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause).
Premiere: Oslo / Nydalen 9. januar 2020
Produsert av Riksteatret
 
Ord. 420,-
BT/Honnør/Gruppe 10+: 340.-
Student/barn u.16: 220,-
 
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement.

Oseana Kunst & Kultursenter

Tirsdag, mars 3, 2020 - 19:00