Lokal | 18. mars 2020

Ringer kommunen og ber om lov til å bruka hytta

Ordføraren ber hyttefolket venta.

Ringer kommunen og ber om lov til å bruka hytta
Forstrønesundet har hytter på begge sider, men ordføraren håper eigarane ventar med å bruka dei. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. mars 2020 11:53

Laurdag kveld følgde Bjørnafjorden kommune fotspora til andre kommunar, og ba hyttefolk og campingturistar, inkludert bubil, om å halda seg heime.

I Bjørnafjorden kommune er det over 1.500 fritidsbustadar (785 i Os og 733 i Fusa, tal frå 2017).

På bubilparkeringa sto det 6-7 bilar då teknisk eining kom for å stenga av. Nokre av dei var utan edru mannskap, og fekk stå til søndag.

– Vi er glade for at folk ønskjer å bruka fritida si i kommunen vår, men vi ber alle om å følgja råd frå nasjonale styresmakter og halda seg heime, seier ordførar Trine Lindborg (Ap) til Midtsiden.

Kommunen har dei siste dagane fått fleire telefonar frå folk som ber om lov.

– Nokre seier dei vil reisa på hytta for å unngå smitte, og gjerne isolera seg frå andre i familien, som er i karantene. Andre ønskjer å bruka ledig tid til oppussing, eller er midt i eit arbeid på hytta.

– Det er framleis ikkje forbode, så vi kan ikkje gi dispensasjon frå ein lov som ikkje er vedtatt. Men no har helseminister Bent Høie (H) nærmast kvar dag sidan før helga gjentatt denne bodskapen, og eit forbod kan koma.

– Er det ikkje betre at folk er for seg sjølv på ei hytte enn i eit tett nabolag i Bergen? Dei rekk vel å ta seg til Bergen om dei blir sjuke?

– Du veit aldri kor tid du blir sjuk, eller treng annan hjelp. Så lenge helsevesenet i Bjørnafjorden jobbar på spreng med eigne innbyggarar, vil vi følgja nasjonal tilråding og be hyttefolk halda seg i sin eigen kommune.

– Vi ønskjer alle velkomne tilbake til Bjørnafjorden seinare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.