Lokal | 16. nov. 2009

Ripa opp på begge sider

Medan kvinna var på jobb på AMFI Os fekk bilen hennar gjennomgå.

Ripa opp på begge sider
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. nov. 2009 20:33

Bildeserie:

1 av 3

Ei kvinne som jobbar i ein av butikkane på AMFI Os fekk nyleg ripa opp bilen medan ho var på jobb.

- Det var mørkt då eg reiste heim så eg oppdaga det først sundag morgon. Begge sider er ripa opp, utruleg irriterande, seier bileigaren, som skal melda saka til politiet tysdag.

Bilen, ein Toyota Starlet, er påført skader for fleire tusen kroner. Ho seier skadeverket ikkje kan ha skjedd medan bilen sto parkert heime.

- Bilen sto ved muren opp mot dei nyare rekkehusa i Prestegardsskogen. Eg kjenner ikkje til at noko liknande har skjedd bilar på denne parkeringsplassen før, fortel ho.

Tagging for tre veker sidan
Senterleiar Anne Kristine Tøsdal seier ho ikkje kjenner til tidlegare tilfelle av liknande hærverk på AMFI Os sin parkeringsplass.

- Men for tre veker sidan blei senteret for første gong utsett for tagging. Dette skjedde på den nye bua veggen opp mot Byvegen, vi har fått malt over det no.

Ho seier ho opplever miljøet på og rundt senteret som godt, og fortel at vaktane ikkje har problem med pøblar.

- Derfor overraskar dette meg. No vil vi halda betre auge med både parkeringsplassen og resten av eigedomen, seier Tøsdal.

Ho ber også publikum vera observant. Har du sett noko som kan ha med hærverket å gjera kan du kontakta politiet på 56303900.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.