Risikerer saftig bot
Ein lastebilførar blei i går tatt for brot på kjøre- og kviletida.
Søndag i 16.30-tida hadde Statens vegvesen kontroll på Halhjem ferjekai.
– Dei meldte frå til oss at dei hadde avdekka brot på kjøre- og kviletida hos ein utanlandsk lastebilsjåfør, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Førar og firma er meldt og begge risikerer saftige bøter.
– Eg veit ikkje kor grove overtramp det er snakk om, men det blir sett veldig alvorleg på slike lovbrot.
I februar i fjor måtte to sjåførar ut med 6000 kroner kvar medan firmaet dei jobba for fekk 60.000 kroner i bot.
Kontroll i Lysefjorden
Søndag klokka 14 hadde politiet trafikkontroll på Sperrevikvegen i Lysefjorden.
35 bilar blei kontrollerte, 1 av førarane fekk gebyr for ikkje å ha hatt med seg førarkort.
Tjuveri av gravemaskin?
Måndag morgon fekk politiet melding om innbrot på ein byggeplass i Os.
– Ei gravemaskin skal vera sakna, seier Hadler-Olsen.
Byggeplassen er i Holtbrekka og politiet skal no ut på åstaden.