Sport | 24. mars 2012

Risti kan hindra Os-opprykk

Os avsluttar søndag serien på heimebane, med sjanse til å gå frå 5. plass til opprykk. Største hinder er Espen Risti.

Risti kan hindra Os-opprykk
Trygve Dahl kan få det tøft i Oshallen i morgon. Det kan kanskje Espen Risti (innfelt) òg. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 24. mars 2012 21:51

Oshallen: Os - Lyngbø søndag kl 16.30

Herrelaget til Os har vore nær på comeback i 2. divisjon fleire sesongar no, men har levert for ustabilt til å kjempa heilt i toppen i år.

– Når vi har vore på vårt beste så har vi slått dei beste, som i førre kamp, då vi slo serieleiar Bergen HK på bortebane.

– Men vi har fått for mykje skadar denne sesongen, seier trenar Leif Idar Røen.

Kan stå om opprykk

Sjølv om dei i morgon stiller til start i serieavslutninga på 5. plass på tabellen har dei sjanse til å rykka opp.

– Vi går uansett for å revansjera eittmålstapet frå bortekampen mot Lyngbø, vi vil avslutta sesongen med stil. Og ja, det er sjanse for opprykk om vi vinn i morgon, seier Røen.

Årsaka er at Bjørnar 2, som ligg på 2. plass, ikkje kan rykka opp, om førstelaget deira rykker ned, noko dei ligg an til. På 3. plass ligg morgonsdagens motstandar Lyngbø, som vegrar seg mot opprykk.

Med siger i morgon klatrar Os opp til den viktige 3. plassen.

– Risti kan stoppa oss

Os leverte ein god bortekamp mot Lyngbø i haust. I morgon stiller Os med fullt lag, bortsett frå Torbjørn Hjelle som blei skadd i vinter.

– Men Lyngbø er eit rutinert lag med mange gode spelarar. Verste motstandar i morgon blir Espen Risti. Risti er ein veldig god handballspelar og ligg an til å bli toppskårar i 3. divisjon i år, fortel Os-trenaren om motstandaren som for osingar utanfor handballmiljøet er mest kjent som medeigar på nattklubben Irish Cat.

– Spennande blir det uansett og eg håper på godt publikum under sesongens siste kamp! seier Røen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.