Kultur | 12. nov. 2010

Rock N LoL til Fjellheim

WT-Festivalen: Det går mot ein rocka filmkveld i Fjellheim fredag.

Rock N LoL til Fjellheim
Andris Hamrefredag 12. nov. 2010 11:52

Varde Film og Media har over 50 timar med opptak frå Rock n' LOL 2010.

Til WT-festivalen har dei klipt saman mange av høgdepunkta frå festivalen.

Festivalarrangørane sjølv inviterer til Rock n' Reel som nytt innslag på festivalen, med film, rock og servering.

Tar med LOL-baren
Til årets festival fekk Lindborg-brørne bygd ein spesialdesigna bar hos Heggland Heiltre. For å få den riktige Rock N LoL-stemninga tar dei denne med frå Søfteland til Fjellheim.

- Fire månader har gått sidan vi forvandla ein fredeleg gard på Søfteland til den drygaste festen nokonsinne. Det er på høg tid at vi samlast for ein fest igjen.

- At WT-festivalen inviterte oss opp i Fjellheim gjer det veldig enkelt å koma i rett stemning. Film, rock og øl har jo aldri vore feil! seier gutane bak Rock N LOL i deira invitasjonen til Rock N Reel.

Startar med australsk roadmovie
Kvelden startar kl 18.00 med filmen om det australske rockebandet «6ft Hick» sin europaturne før stemninga frå sommarens festival på Søfteland inntek lerretet klokka 20.

Etter filmane drar DJ Andy Lindborg i gong festen med musikk mellom anna frå artistar vi har sett på Søfteland dei siste fire åra.

I god WT-ånd er arrangementet gratis, men på grunn av serveringa er det 18 årsgrense i Fjellheim denne kvelden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.