Ammunition med Åge Sten Nilsen i front er klare for Osfest-fredagen (pressefoto: Svein Finneide)

Rock & Roll på Osfest

Åge Sten Nilsen og Ammunition klare for å rocke Osfest.

Av: Andris Hamre

Åge Sten Nilsen med bandet Ammunition, kjend frå mellomanna Melodi Grand Prix kor dei framførte Wrecking Crew er klare for å rocke osingane denne sommaren.

– Om Mötley Crüe og Guns 'n Roses hadde fått eit kjærleiksbarn, så villle det har vore Ammunition. Høgoktan rock & roll med kraftige vokaler og skrikande gitarer, som skapt for Sunset Strip i West Holleywood, seier Tor Egil Hyllland i Osfest.

Frå Queen til eigen rock

Åge Sten Nilsen har i over ti år reist land og strand rundt med framsyninga "The Show Must Go On", basert på musikken til legendariske Queen. Denne sommaren er han klar for ei runde med eigenprodusert rock.

– Ammunition nye sjølvtitulerte album har hausta utrulege kritikker verda over og er allereie blitt hylla som ein sterk utfordrar til årets plate i kategorien «Melodic Rock» av britiske Powerplay Magazine.

– Også anerkjende Classic Rock Magazine i England gir Ammunition strålande kritikker med åtte av ti openg og skriv at «the first great album of 2018 has arrived». Vi gler oss stort, og er stolte over, å kunne invitera publikum til ein rockeaften utanom det vanlege fredag 10. august, avsluttar Hylland.

Ammunition består av Victor Cito Borge (bass), Erik Mårtensson (gitar), Åge Sten Nilsen (vokal), Jon Pettersen (gitar), Lasse Finbråten (keyboard) og Magnus Ulfstedt (trommer).

Desse er klare for Osfest

Fredag:

• Stavangerkameratene
• Madcon
• Ammunition m/Åge Sten Nilsen

Laurdag:

• Endre Nordvik
• Tone Damli
• Morten Abel
• Staut

Fleire saker