Kultur | 22. nov. 2013

Rockadans på Catten

Det blir tungt når Warfart og Ashowa rockar Catten fredag. – Vi garanterar god stemning med høg feittprosent, reklamerar Even Hjertaas i Warfart.

Rockadans på Catten
Warfart på siste øvinga i rockeklubben torsdag kveld (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 22. nov. 2013 09:09

Tidlegare har rockebanda i Os invitert til konsert i rockeklubben på Kuventræ eller på Bar2Be, no testar dei ut ein ny rockescene i det dei i kveld entrar scena på Catten.

– Det blir garantert høg stemning og fare for 100% rock.

– Du veit det er Os sitt tyngste band som kjem på scenen, ler Even Hjertaas og siktar til magemålet på medlemmane i Warfart.

Hadde lyst på Os

Konserten kom i stand etter at Alf Wold, busett på Os, i Ashowa kontakta Hjertaas og lurte på om dei ikkje kunne få til ein gig saman på Os.

– Linda Johannessen er jo rockealibiet på Catten, så eg kontakta ho.

– Dei var med på greiene og fredag brakar det laus.

– Vi ønskjer det skal vera liv og røre på Catten. Noko slik som dette har vi aldri hatt før, men vi gler oss og lovar saman med banda å laga ein heidundrande rockekveld, seier Bjarte Andersen på Catten.

Rock heile kvelden

Etter at dei to banda har herja på scenen held rockekvelden fram.

– Mr K snurrer rockeplater heile kvelden, fortel Andersen.

– Det er det kulaste frå Catten si side, at dei viar heile kvelden til rock.

– Ofte opplever vi, når det er "rockekveld" på utestadene at så fort banda er ferdig så er det disco på anlegget.

– Det blir det garantert ikkje i kveld, seier Hjertaas som håpar osingane kjem seg ut, sjølv om det er ein fredagskveld.

Konsertane startar klokka 22.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.