Sport | 06. juli 2014

Rodde til nordisk-sølv

Den norsk åttaren med Mattias N. Haugland og Arne Hadler-Olsen gjekk hardt ut, men det heldt ikkje heilt inn.

Rodde til nordisk-sølv
Mattias Haugland og Arne Hadler-Olsen fekk sølv i åttaren sundag (privat foto)
Andris Hamresundag 06. juli 2014 15:40

Bildeserie:

Åtteren tok sølv bak Danmark, suverent foran Sverige (privat foto)
Åtteren tok sølv bak Danmark, suverent foran Sverige (privat foto)
Arne og makkar Adrian mottok gullet som nordiske meistre (privat foto)
Arne og makkar Adrian mottok gullet som nordiske meistre (privat foto)
1 av 2

Dei to ro-talenta frå Os har denne helga vore med i nordisk meisterskap for juniorar i Sorø i Danmark.

Laurdag blei Arne Hadler-Olsen nordisk meister saman med Adrian Lindgren frå Tønsberg i dobbelsculler.

Sundag sat Arne og Mattias i den norske åtteren.

– Den norske båten gjekk hardt ut og leia inntil det var 30 meter att. Danmark vann med 0,6 sekund på den superraske tida 5.52.88.

– Noreg kom inn på 5.53.43, fortel rotrenar Audun Hadler-Olsen.

Sverige tok tredjeplassen nesten 11 sekund bak Noreg.

– Gutane er nøgd med eigen innsats, men synest det er bittert at gullet glapp på slutten.

God norsk laurdag

Trenaren fortel om ein god norsk dag på laurdagen.

– Noreg tok fire av fem gull, noko som er historisk.

– Arne og Adrian sitt gull fekk dei etter eit fantastisk løp. Dei låg i front heile vegen, og klarte å halde unna for danskene som kom fort på slutten, oppsummerer Audun Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.