Roing, rafting og båtbygging
Aktiviteten under Oselvarfestivalen blei rekordhøg, med 11 båtar på kapproing, mange ungar på havrafting og bygging av over 100 små trebåtar.
Mens Og Bygg og Eigedom stilte opp og sponsa gratis turar med Austevoll Havrafting sin heftige rib, hadde Oselvarlaget både organisert med bygging og testing av små trebåtar og lokka ekstra mange til kapproing.
– Båtbygging blei ein kjempesuksess, vi måtte henta fleire og fleire emne og i løpet av dagen blei det bygd over 100 båtar, fortel Hallgeir Bjørnevik.
– Når det kjem til deltakinga under kapproinga skal Kjetil Osablod Grønvigh og Stine Kobbeltvedt ved kultureininga ha ei stor takk for at dei fekk fyrt opp stemninga.
For første gong på fleire år var det endeleg god deltaking, 11 færingar blei rodd ut rundt bøye ved Os Sjøfront og tilbake.
Ektepar frå Øyane var raskast
– Eg rodde med søstra mi Solfrid, Osablod stilte saman med Andreas Lindborg på vegne av Os Rockeklubb, Birk og Even representerte Join Us, Spelemannslaget og speidaren var med, det same var frisørsalongane Guris og Toppen og utestadane Solsiden og Bar(t).
Også John Lepsøy og sonen Jon-Terje, og Jostein Røttingen og kona Karin var med i konkurransen.
– Øyvind Sundfjord og Arne Fossåskaret fekk ei respektabel tid på rundt 3.30, men det var Karin og Jostein Røttingen som vann på imponerande 3.18, fortel Bjørnevik.
Os Mannskor stilte og skapte musikalsk stemning og på motsett side av hamna var det høg aktivitet med unge og vaksne som fekk seg ein tur på fjorden i rib.