Lokal | 05. aug. 2019

Røkke-tårnet: Os skårer bra på nesten alle punkt

Søviknes har fått brev om vidare framdrift og kriterie for lokalisasjon av The Big Blue.

Røkke-tårnet: Os skårer bra på nesten alle punkt
Lokalisering av «World Ocean Headquarters» (WOH) er framleis ikkje avgjort. (Ill.: REV Ocean/FP Eiendom AS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. aug. 2019 12:44

I oktober i fjor presenterte Røkke-selskapet REV Ocean planar om å bygga «World Ocean Headquarters» (WOH), ein over 200 meter høg skyskrapar som skal husa internasjonale, leiande miljø innan havforsking, utdanning og kompetansebedrifter.

Selskapet leiar frå før arbeidet med og drifta av forskings- og ekspedisjonsskipet REV (Research Expedition Vessel).

I februar sa Terje Søviknes at han ikkje var framand for å undersøkja om Lyseparken kunne vera passande destinasjon for The Big Blue, «Verdenshavenes hovedkvarter», skyskraparen som Kjell Inge Røkke sitt selskap Rev Ocean ønskjer å realisera.

I mars var han, saman med Lyseparken-direktør Fredrik Seliussen, i møte på Fornebu med Nina Jensen og kommunikasjonsrådgjevar Marianne Stigset hos Rev Ocean.

No har Os kommune fått brev frå REV Ocean der dei takkar for interessa dei har vist, og der REV fortel om prosessen vidare.

– Vi har hatt møte med 12 ulike kommunar og éin utanlandsk interessent, fortel Marianne Stigset, direktør for kommunikasjon, myndighetskontakt og bærekraft i FP Eiendom AS.

Dei ventar å ha fleire møte med dei mest aktuelle lokalisasjonane utover hausten. Samtidig fortel Stigset kva kriterie som blir vektlagte:

• Nærhet til relevante kompetanse- og fagmiljøer
• Evne til å tiltrekke seg kloke hoder
• Nærhet til knutepunkt og gode kollektivforbindelser
• Politisk støtte og engasjement for prosjektet
• Politisk vilje til å løse miljøproblemene i havet og skape nye muligheter for havrelaterte næringer, forankret i en tydelig miljøstrategi
• Mulighet til å oppføre bygget uten å beslaglegge urørt natur og med så lavt miljøavtrykk så mulig
• Nærhet til Aker-selskaper
• Nærhet til sjø og dypvannskai

– Vi er god på dei fleste punkta

Ordførar Terje Søviknes (Frp) meiner Os kommune og Lyseparken, med ny E39 til Bergen, bør skåra bra på dei fleste punkta.

– Lyseparken vil ha nærleik til det breie fagmiljøet i Bergen og til Bybanen. Politisk engasjement har dei òg sett at vi har.

– Energi-gjenvinninga vi jobbar med for næringsområdet, og det at dette allereie er del av ein områdeplan for næring, gjer at Lyseparken er positiv også på dei neste punkta.

Dei to siste punkta er det verre med; nærleik til andre Aker-selskap og nærleik til sjø og djupvasskai.

– Når det kjem til nærleik til sjø, må vi nok òg sjå i retning Bergen, eventuelt til Samnøy i komande Bjørnafjorden kommune. Samtidig har dei sagt at tårnet ikkje treng å stå ved sjøen.

Aker-selskapa på Stord ligg ikkje nær før ei eventuell bru over Bjørnafjorden er bygd.

Har etablert stifting

I brevet fortel selskapet at dei parallelt med lokalisasjon har arbeidd med innhald.

– Vi er i dialog med fleire havrelaterte forskingsmiljø, ideelle organisasjonar, internasjonale organisasjoner og filantropiske miljø.

– Vi har etablert stiftinga Ocean Data Platform og rekruttert Bjørn Tore Markussen til å leia det som teiknar til å bli ein banebrytande ny måte å samla inn og dela havdata på.

Dei konkrete planane vil bli offentleggjorte i september.

I tillegg er det lansert noko som kan bli ein viktig drivar for løysing på plast i havet. Stiftinga Plastic REVolution, leia av Erik Solheim, skal finna gode kommersielle modellar for å gi plast ein verdi, så den kan gjenvinnast framfor å forureina.

Frå august vil BI-professor Torger Reve starta i ei deltidsstilling for REV Ocean. Han får ansvaret for å bygga opp eit innovativt økosystem beståande av entreprenører, næringsklynger og industri, offentlege aktørar, forsking og utvikling og risikokapital som Verdenshavets hovudkontor skal vera i sentrum for.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.