Lokal | 09. feb. 2014

Roleg natt med litt bråk

Politiet: Småbråk og drikking på Essoen. To festar som måtte dempa seg, men elles ei roleg natt.

Roleg natt med litt bråk
ill.foto: KVB
Andris Hamresundag 09. feb. 2014 09:43

Nattskiftet til patrulja frå Os lensmannskontor starta med ein promillekontroll langs Lyseklostervegen i 23-tida.

– Dei sto der ein times tid. På den tida kom fem bilar kor alle førarane blei kontrollert ok.

Mellom midtnatt og 0130 blei patrulja tilkalt til to festar i sentrumsområdet.

– Det kom klagar på støy frå desse.

– Patrulja tok ein tur og ba festdeltakarne dempa seg, noko dei etterkom, fortel vakthavande betjent.

Drakk på Essoen

Etter stengetid på utestadane samla eindel festglade menneskjer seg på og rundt Esso-stasjonen i sentrum.

– Patrulja var på staden og fekk brutt opp eindel tilfeller av uoverensstemmelser blant folket.

– Medan dei var der observerte dei ein som drakk alkohol på plassen.

– Vedkommande vil bli meldt for drikking på offentleg stad.

– Oppsummert så var det vel ein del festglade mennesker ute, men i det store og heile gjekk det greitt for seg, avsluttar vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.