Roleg nyttårsfeiring
Litt småkrangling og slåsting i sentrum, ellers ei roleg nyttårsfeiring i følgje politiet.
Feiringa av det nye året gjekk relativt roleg for seg i Os.
– Det er i allefall vår oppfatning.
– Det eineste eg har i loggen knytt til feiringa var noko slåsting og krangling i tilknytning til Club 29 natt til 1. januar.
– Der blei det blant anna sparka i ein bil slik at denne fekk ein bulk. Politiet var på staden og fekk satt partane i kontakt med kvarandre, så det løyste seg relativt greitt, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite ved Os lensmannskontor.
Barn med fyrverkeri
Politiet fekk tidlegare kvelden melding frå Varåsen om at nokre ungar dreiv å skaut opp fyrverkeri.
– Vi var ute og såg etter dei, men kom ikkje i kontakt med dei.
Ingen promille
I 21-22-tida nyttårsaften gjennomførde politiet årets siste promillekontroll i Hegglandsdalsvegen.
– 22 bilførarar blei kontrollerte.
– Alt var i orden og det blei ingen reaksjoner mot nokon av dei, seier politiførstebetjenten.
Derimot fekk politiet melding om ein mann som låg på fortauet mellom dei to Rema 1000-butikkane ved Byvegen utpå formiddagen 1. nyttårsdag.
– Vi var ute og såg etter han, men han hadde klart å komma seg vidare på eigenhand.
Hærverk på bil
Utpå dagen 1. januar fekk politiet melding om hærverk på ein bil i Hjellevegen.
– Der har nokon knust ei rute på ein bil som sto parkert.
– Hærverket har skjedd ved at dei har kasta stein inn gjennom vindauget.
– Saken vil bli meldt, fortel Fimreite.
Råkøyrde mot byen
I 1920-tida nyttårsaften fekk lensmannskontoret melding om ein blå Ford Focus som hadde foretatt fleire stygge forbikøyringar på E-39 mellom Os og Bergen.
– Vi fekk bistand frå Fana-patruljen som tok oppstilling i Søftelandsområdet.
– Bilen passerte ikkje dei, så den kom seg unna.