Roleg på Ulven
Brannen har roa seg, men får ikkje status som under kontroll før tidlegast torsdag formiddag.


Redningsmannskap har omringa brannen på Ulvenfjellet, som no har kome omtrent til toppen. Det er meldt opptil frisk bris i natt, men heldigvis også ein god del nedbør.
- Brannen er i kvilefase, men vi vil ikkje seia at vi har den under kontroll før vi ser korleis vi taklar morgonen torsdag med opphaldsvêr og sol, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Han forklarar at det er fare for at varme i tuer og lyng kan blussa opp, spesielt når det er vind.
- Vi har mannskap rundt heile brannen, og slangar og pumper klare til intensivt arbeid om brannen skulle tilta igjen.
- Kva bygning ligg no nærmast dei ytre grensene til brannen?
- Skyttarhuset er det som ligg nærmast, om vi ser vekk frå Rolls-Royce og Ulvehiet, som ligg nær der brannen starta. Vi ser sjansane som små for at brannen skal koma tilbake den vegen.
- Vinden skal skifta litt retning på morgonkvisten, kva får det å bety?
- Vi håpar sjølvsagt på minst mogleg vind, og at vinden skal blåsa ein veg som gjev brannen minst mogleg "mat". Nokre plassar har vi fysisk sperra brannen inne med slangar, som i Hellebakkane mot Lysefjorden.
Vinden skal avta i styrke frå 7-tida av, men då kjem også sola. For ein kort periode.
- Helikopteret har vore på Flesland og fylt drivstoff, og står her i natt, klar til å ta oss i lufta for inspeksjon i morgon tidleg. Eg håpar at vi i morgon formiddag kan gå over frå sløkking til ettersløkking, seier Gjøsund.
SJÅ VÊRMELDINGA FOR ULVENFJELLET, TIME FOR TIME.