Lokal | 18. apr. 2017

Roleg påske for politiet

Med unntak av leiteaksjonen etter to born måndag ettermiddag har det vore ei relativt roleg påske på Os.

Roleg påske for politiet
Politiet har hatt ei relativt roleg påske med ikkje så mange oppdrag (ill.foto: AH)
Andris Hamretirsdag 18. apr. 2017 07:33

Måndag ettermiddag blei to fem år gamle born meldt sakna på Moberg. Dei to blei funnen av forbipasserande i ein barnehage omlag ein time etter at leiteaksjonen blei iverksatt.

– Foreldra hadde sjølv leita i halvannan time før dei tok kontakt med oss. Når vi får ei slik melding og du har den nærleiken til vatn som du har på Ulven, så trykker vi på den store knappen umiddelbart, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Kontrollert mange bilar

Med unntak av ei kvinne som laga bråk ved Catten natt til søndag og ein svært full ung mann natt til laurdag har det vore relativt få oppdrag for politiet gjennom påsken.

– Det har ikkje vore så veldig mange oppdrag. Vi har nytta tida til å stanse og kontrollere ein god del bilar og køyretøy, men også der har det i det store og heile vore greitt.

– Ein promillekontroll som blei gjennomført søndag gav også positive resultat med null promille, oppsummerer Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.