Næringsliv | 29. nov. 2017

Rolls-Royce vurderer å selja

For to år sidan blei fabrikkbygget i Os selt, no kan også produksjonen av styremaskinene få ny eigar.

Rolls-Royce vurderer å selja
Os Maskinering overtok bygget i 2015, men Rolls-Royce har framleis drift i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. nov. 2017 10:52

I oktober 2014 kom avgjerda om lokalisering, av fire alternativ valte Rolls-Royce å flytta produksjonen av styremaskinene frå Os slik at det blir samlokalisering i Brattvåg.

I november 2015 blei det halde synkroniserte allmøte på Rolls-Royce Hagavik og Os Maskinering AS, då Os Maskinering kjøpte fabrikken, overtok fleire tilsette og auka produksjonen for sin eldste kunde.

I ei pressemelding tysdag fortel Rolls-Royce Marine AS at dei vurderer å selja verksemda for styremaskiner.

40 tilsette i Os

Rundt 100 tilsette blir påverka av eit eventuelt sal.

- Det er snakk om rundt 60 tilsette i Brattvåg, og rundt 40 tilsette i Hagavik i Os kommune, seier kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce til Sunnmørsposten.

Overtaking kan skje tidlegast i utgangen av første kvartal 2018.

Betre fokus

Ifølgje smp.no er det to tilbod som ligg i bordet; det eine er eit sokalla «management buyout», der tilsette kjøper ut verksemda, kven som har det andre bodet er ukjent.

- Vi trur at ein ny eigar vil kunna gje denne verksemda betre fokus og bli ein god samarbeidspartnar for oss, seier Wollebæk til Sunnmørsposten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.