Kultur | 12. aug. 2011

Ror du raskare enn desse?

Etter opninga av Kystsogevekene laurdag formiddag held kystkulturen fram med durspel og kapproing.

Ror du raskare enn desse?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. aug. 2011 13:10

Oselvarfestivalen, som vanlegvis blir arrangert samstundes med Bondens Dag i månadsskiftet august-september, går i år av stabelen saman med opninga av Kystsogevekene.

Os har i år hovudopninga av Kystsogevekene, som omfattar 190 arrangement i 20 kommunar på Vestlandet.

Les òg:
Noregs største opnar på Os

Etter opninga, som finn stad på Vindu mot Fjorden-brygga klokka 12 laurdag formiddag, startar Oselvarfestivalen, med base i Oselvarnaustet.

Bildeserie og video:
Oselvarfestivalen 2010

– Vi opnar med durspel i naustet som i fjor, så blir det defilering av oselvarar, der rundt 10 flotte båtar blir rodd frå Oselvarnaustet til Oseana og tilbake, før vi held fram med kapproing, seier Rune Søvik frå Oselvarlaget.

Kapproinga er utan førehandspåmelding, og deltakartalet har variert ein del.

– Derfor deler vi inn i klassar på strak arm ut frå kven som kjem og vil vera med. Det blir nok både herre, dame, mix og familieklassar, så der er berre å møta opp dei som vil.

– Båt og redningsvestar ordnar vi, seier Søvik.

Søndag held kystsogevekene i Os fram med open båt på Hargun og fiskekonkurranse i Øyane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.