Rosa Zumba og Vennebyen
Osmessa 2011: Godt besøk laurdag, held fram med messe, Rosa Sløyfe Zumba og besøk frå Vennebyen sundag.
Laurdag opna Osmessa i Nore Neset Aktivitetshus med rekordmange utstillarar i hallen og utanfor.
I følgje rapportane Midtsiden har fått er arrangørane godt nøgd også med besøket laurdag og håpar på at mange tek vegen innom når messa også på sundag.
Laurdag blei Liafjellet Opp arrangert med heile 99 deltakarar. På programmet sundag står Rosa sløyfe Zumba på programmet som den fysiske utskeiinga.
Vennebyen kjem
For dei minste messegjestane kjem Vennebyen kjend frå barne-TV på besøk for å laga show og overraskingar for dei små. I tillegg blir det moglegheit for riding, laserskyting og kurs i maling.
For dei litt eldre stilles det ut både tøffe bilar og kule to-hjulingar på plassen framfor aktivitetshuset.
Foredrag med Jarle Trå
Eventyraren Jarle Trå kjem til Symrasalen for å fortelje om sine ekspedisjonar til Everest, Kilimanjaro, Elbrus og Svalbard for å nemne nokre.
- Eg kjem til å vise bilete og fortelje litt om dei turane eg har vore på, fortel Trå om foredraget.
Har du ein liten eventyrar i magen tilbyr trå organiserte turar til fleire stader i verda.
Messa er open frå 11 til 16.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.