Lokal | 26. mai 2020

Rot og orden på nytt uteområde

Søfteland barneskule har rydda skog og rigga til ny leikeplass.

Rot og orden på nytt uteområde
Rektor på Søfteland skule, Line Marie Aarbakke, på stubben etter eit av dei felte trea. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 26. mai 2020 13:04

Etter fleire år med venting vart det endeleg Søfteland barneskule sin tur å få fornya leikeområdet sitt. Med ganske ny friplass, heilt fersk «møteplass» og no, ein rykande fersk leikeplass, byrjar uteområdet verkeleg å ta form.

Trass positiv utvikling kring skolens uteområde, har det vore negative reaksjonar på at den flotte skogen har blitt ofra.

– Denne skogen har sjølvsagt vore veldig flott for både plassen, ungane og oss vaksne, men etterkvart har det vakse fram ein del utfordringar som vi har måtta ta omsyn til. Det er sjølvsagt trist at skogen måtte takast, men fleire av trea har vore nærmast hole på innsida. I tillegg har mange av røtene ikkje akkurat hatt godt feste, noko som har auka risikoen for at dei skal velta og gjera skade, forklarer rektor Line Marie Aarbakke.

– Eg forstår godt at folk har reagert på fjerninga av skogen, men tryggleiken til ungane vil alltid vera det viktigaste.

Den nye leikeplassen er prega av gummi og flotte fargar. Sklien er sjølvsagt den mest populære attraksjonen. (Foto: ØH)
Den nye leikeplassen er prega av gummi og flotte fargar. Sklien er sjølvsagt den mest populære attraksjonen. (Foto: ØH)

Ope og fullt av moglegheiter

Ettersom området er blitt veldig ope, har det opna seg for å sleppa kreativiteten laus i planleggingsarbeidet. Aarbakke har sjølvsagt fleire tankar og visjoner om den nye plassen.

– Vi blir nøydd til å tenkja positivt og finna løysingar som kan gjera noko med saknet etter den fine, vesle skogen med dei store stammene. Det hadde for eksempel vore vore fint om vi hadde fått opp eit stort og flott klatrestativ, omringa av eit par hytter eller lavvoar som elevane kunne ha kost seg inni, seier Aarbakke entusiastisk.

Ikkje berre er rektor oppteken av at elevane skal kosa seg med dei nye fasilitetane, men oppmodar òg resten av innbyggranae i krinsen å nytta området.

– Det er viktig å ta vare på desse fasilitetane som vi no har fått. Beste måten å ta vare på dette er å bruka det, sjølvsagt med respekt. Er det folk her i helgene og på ettermiddager i vekedagane, vil det bli mindre moglegheiter for hærverk og liknande, påpeikar Aarbakke.

Line Marie Aarbakke fortel entusiastisk om moglegheitane til den nye åpne plassen. (Foto: ØH)
Line Marie Aarbakke fortel entusiastisk om moglegheitane til den nye åpne plassen. (Foto: ØH)

Oversikt gir tryggleik

Den gamle skogen har nok vore ein flott stad for ungane å boltra seg i, og å få utløp for fantasi og leik. Men det har også vore ein plass kor det har vore moglegheiter til å gøyma seg vekk for å kanskje gjera ting ein ikkje burde gjera. Denne oversikta har vore krevjande for lærarane.

– Vi har sjølvsagt hatt litt utfordringar med at det har vore lett å gøyma seg vekk i skogen. No vert det meir ope og oversiktleg, det gir tryggleik for både oss og elevane, påpeikar Aarbakke.

– I tillegg kan vi no sjå at det er fleire områder å leika. Fleire elevar har lettare for å finna seg ein plass. Sjølv om skogen er vekke, så er det framleis eit spennande terreng på den vesle toppen. Vi kan allereie sjå at elevane har det kjekt på det nye uteområdet.

Ein skal ikkje løpa og hoppa i trappar er det nokon som seier, men ikkje på Søfteland. (Foto: ØH)
Ein skal ikkje løpa og hoppa i trappar er det nokon som seier, men ikkje på Søfteland. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.